Lofotens historie

Storstormen i 1893

Storstormen i 1893

Storstormen på Pålsmessedagen i 1893.

Pålsmess - det er den 25. januar. Fra gammelt av vert det sagt at ein skal ikkje "ta ut" på tur denne dagen, ikkje på havet, og ein skulle heller ikkje reke i mellom bygdene. Dette var ein dag som berre gav utur. Ein gammel mann sa dette om veret på Pålsmessedagen: "Pålsmessedagen, da e det enten glo rokk eller flyndrestila, det har eg lagt merke til i fra eg var småglunt".

I januar 1893 gjekk det føre seg eit godt skreifiske for heile yttersia av Lofoten. Det var mange mann herfra distriktet som rodde for Laukvik, Skovsund og Vikarøya. Pålsmessedagane dette året skulle bli ein dag som sette seg i minnet hos folk her.

Annonse
​​

Ved utroren om morgonen var det berre ein liten vindgråe fra sydaust. Det var godt ver. Båtan la ut, og mennene kom seg i trekkinga. Da drog han opp ein svart kave, som ein halvtynbotn vest av Lofoten. Denne vaks og vaks heile tida. Så spela han opp med sydvest så det fauk og rauk. Da det leid på, dreia han på nordvest. Det vart ein storm folk ikkje kunne minnest, men karane heldt unna inn Hadselfjorden.

I ein av båtane var det halvfemte hundre fisk, og den kasta dei ut i brottene, men ein del fisk sprette dei opp og trødde levra i austra. Denne blandinga auste dei ut for å dempe på sjøen. Det vart å ause for livet, men auskarane vart for små - dei måtte bruke linstampen å ause med. Denne seilasen endte godt for for dei som kom seg opp til Holdøya. På den andre båten var Martin Jørgensen høvedsmann, og båten var fra Holdøya. Martin Olsen, Holdøy, Kristian Olsen, Falkfjord ( skottkar ), Martin Jakobsen, Budal ( bakromsmann ) og Ole Jørgensen, Arnøy, heitte dei andre på båten.

Dei hadde 700 fisk i båten, og det vart ein hard tørn. Etter det første "søkkan" kasta dei ut 100 fisk. Båten var ein breibåtna ranværingsåttring. To "søkkan" til fekk dei på turen inn, og kvar gong greidde dei å "ta han igjen" ved å ause for livet, samstundes som dei sette litt meir segl, slik at dei fekk ut nokko meir av austra. Det var å ause for livet med linstampane, heilt til dei rente båten i fjæra ved Bakkasjyen i Holdøya. Dei kom seg vidare til Leirskjæret, men da snudde dei. Meininga var å kome seg opp til Laukvika. Ved Grunnførhalsa måtte dei snu.

På turen opp mot Sand trudde mannskapet at høvedsmannen var blitt galen. Han kommanderte seglet opp klo for klo. Båten flaug over havet, og han segla båten opp i fjæra på Sand. Der stod både mannfolk og kvinnfolk klare i fjæra, og dei drog båten trygt opp. Eit anna mannskap som berga seg opp til Ongstad, var; Eilert Simonsen, Sommarhus, Høvedsmann, Lars Larsen, Hadselsand, Jens Andreassen, Grunnfør, halskar, John Jonsen, Grunnfør og Edvar Jensen, Strønstad. Det seies at 12 åttringer tok land på Følvika på Sand denne dagen. Hertvik Johansen hadde også ein åttring. Han "lendte" ved elva på Hadselsand, og han måtte ut med dreggen for å få ned mastra. Ole Olsen fra Falkfjorden ( han Ola-søring ) tok vesten med ranga ut på broren, og sett han Laurits i ausinga. Dette at han tok kommandoen, og at dei hadde sterke folk som auste med linstampane heile tida, berga denne båten med mannskap. Dei "lendte" på Strønstad. Gunnar Johansen fra Sommerhusstranda hadde ein liten åttring og han berga seg opp på Sommerhusstranda. Leonhard Winter fra Grunnførfjord hadde ein liten fembøring og rodde med garn på Laukvikhavet. Kasper Johansen og Albin Johansen fra Gjersvold var med han i båten i dette uveret. Dei "lendte" i Vassvik på Hadseløya.

Fra Laukvik veit vi om to båtar. På den eine var Johan Bech høvedsmann saman med Andreas Johansen, Morfjord, og Stor-Emil. Dei to siste kjenner eg ikkje namna på. På den andre båten var Albert i Naustvika høvedsmann. For desse vart det nett som for dei andre; Skjær av - sitt ned og hald unna uveret! Av og til såg dei kvarandre i "kovdammen". Dei måtte segle forbi kvelv, og hadde ikkje ein einaste sjanse til å prøve å berge folk. Om bord hadde dei ein slags "luftkompass".


På åttringen fra Strønstad var Edvart Hansen ( Stor-Edvart ) høvedsmann. Han hadde med seg Martin Tikkensen og Johan Bardo. Dei kom seg i land i Hovsund, og Edvart skal ha sagt; "Eg har haldi til i båt fra eg var to år, men eg har aldri vore ute i slikt uver". Da hadde han rodd høvedsmann fra han var 20 år.

Nils Iveras i Morfjorden hadde ein fembøring. Han rodde for Hovsund. Kristoffer Olsen, Morfjord var halskar, og Gabriel Hansen, bakromsmann. Denne båten kom opp til Hovsund etter ein hard seilas. Han Gabriel visste at broren, han "Stor-Edvart" var utpå, så han sprang opp på ein haug for å sjå etter båten hans. Han kunne sjå at han kom, og at det berre var så vidt mennene om bord kunne "stå opp" til Hovsund. Men det gikk bra, og ein kan vel tenke seg til kor glad han blei da han såg at broren kom seg velberga i land med båt og mannskap.

Etter dette uveret sat det att 42 enker i Hadsel, og minnet om dette sit i folk den dag i dag.

Kilde: Arthur Johansen, Strønstad. Hofdasegl 1982

Fiskarbønder i krig
Vågastemnet

Relaterte innlegg