Historie_thumbStorstormen på Pålsmessedagen i 1893

Pålsmess - det er den 25. januar. Fra gammelt av vert det sagt at ein skal ikkje "ta ut" på tur denne dagen, ikkje på havet, og ein skulle heller ikkje reke i mellom bygdene. Dette var ein dag som berre gav utur. Ein gammel mann sa dette om veret på Pålsmessedagen: "Pålsmessedagen, da e det enten glo rokk eller flyndrestila, det har eg lagt merke til i fra eg var småglunt".

I januar 1893 gjekk det føre seg eit godt skreifiske for heile yttersia av Lofoten. Det var mange mann herfra distriktet som rodde for Laukvik, Skovsund og Vikarøya. Pålsmessedagane dette året skulle bli ein dag som sette seg i minnet hos folk her. 

Ved utroren om morgonen var det berre ein liten vindgråe fra sydaust. Det var godt ver. Båtan la ut, og mennene kom seg i trekkinga. Da drog han opp ein svart kave, som ein halvtynbotn vest av Lofoten. Denne vaks og vaks heile tida. Så spela han opp med sydvest så det fauk og rauk. Da det leid på, dreia han på nordvest. Det vart ein storm folk ikkje kunne minnest, men karane heldt unna inn Hadselfjorden.

I ein av båtane var det halvfemte hundre fisk, og den kasta dei ut i brottene, men ein del fisk sprette dei opp og trødde levra i austra. Denne blandinga auste dei ut for å dempe på sjøen. Det vart å ause for livet, men auskarane vart for små - dei måtte bruke linstampen å ause med. Denne seilasen endte godt for for dei som kom seg opp til Holdøya. På den andre båten var Martin Jørgensen høvedsmann, og båten var fra Holdøya. Martin Olsen, Holdøy, Kristian Olsen, Falkfjord ( skottkar ), Martin Jakobsen, Budal ( bakromsmann ) og Ole Jørgensen, Arnøy, heitte dei andre på båten.

Dei hadde 700 fisk i båten, og det vart ein hard tørn. Etter det første "søkkan" kasta dei ut 100 fisk. Båten var ein breibåtna ranværingsåttring. To "søkkan" til fekk dei på turen inn, og kvar gong greidde dei å "ta han igjen" ved å ause for livet, samstundes som dei sette litt meir segl, slik at dei fekk ut nokko meir av austra. Det var å ause for livet med linstampane, heilt til dei rente båten i fjæra ved Bakkasjyen i Holdøya. Dei kom seg vidare til Leirskjæret, men da snudde dei. Meininga var å kome seg opp til Laukvika. Ved Grunnførhalsa måtte dei snu. 

På turen opp mot Sand trudde mannskapet at høvedsmannen var blitt galen. Han kommanderte seglet opp klo for klo. Båten flaug over havet, og han segla båten opp i fjæra på Sand. Der stod både mannfolk og kvinnfolk klare i fjæra, og dei drog båten trygt opp. Eit anna mannskap som berga seg opp til Ongstad, var; Eilert Simonsen, Sommarhus, Høvedsmann, Lars Larsen, Hadselsand, Jens Andreassen, Grunnfør, halskar, John Jonsen, Grunnfør og Edvar Jensen, Strønstad. Det seies at 12 åttringer tok land på Følvika på Sand denne dagen. Hertvik Johansen hadde også ein åttring. Han "lendte" ved elva på Hadselsand, og han måtte ut med dreggen for å få ned mastra. Ole Olsen fra Falkfjorden ( han Ola-søring ) tok vesten med ranga ut på broren, og sett han Laurits i ausinga. Dette at han tok kommandoen, og at dei hadde sterke folk som auste med linstampane heile tida, berga denne båten med mannskap. Dei "lendte" på Strønstad. Gunnar Johansen fra Sommerhusstranda hadde ein liten åttring og han berga seg opp på Sommerhusstranda. Leonhard Winter fra Grunnførfjord hadde ein liten fembøring og rodde med garn på Laukvikhavet. Kasper Johansen og Albin Johansen fra Gjersvold var med han i båten i dette uveret. Dei "lendte" i Vassvik på Hadseløya.

Fra Laukvik veit vi om to båtar. På den eine var Johan Bech høvedsmann saman med Andreas Johansen, Morfjord, og Stor-Emil. Dei to siste kjenner eg ikkje namna på. På den andre båten var Albert i Naustvika høvedsmann. For desse vart det nett som for dei andre; Skjær av - sitt ned og hald unna uveret! Av og til såg dei kvarandre i "kovdammen". Dei måtte segle forbi kvelv, og hadde ikkje ein einaste sjanse til å prøve å berge folk. Om bord hadde dei ein slags "luftkompass". 

På åttringen fra Strønstad var Edvart Hansen ( Stor-Edvart ) høvedsmann. Han hadde med seg Martin Tikkensen og Johan Bardo. Dei kom seg i land i Hovsund, og Edvart skal ha sagt; "Eg har haldi til i båt fra eg var to år, men eg har aldri vore ute i slikt uver". Da hadde han rodd høvedsmann fra han var 20 år.

 Nils Iveras i Morfjorden hadde ein fembøring. Han rodde for Hovsund. Kristoffer Olsen, Morfjord var halskar, og Gabriel Hansen, bakromsmann. Denne båten kom opp til Hovsund etter ein hard seilas. Han Gabriel visste at broren, han "Stor-Edvart" var utpå, så han sprang opp på ein haug for å sjå etter båten hans. Han kunne sjå at han kom, og at det berre var så vidt mennene om bord kunne "stå opp" til Hovsund. Men det gikk bra, og ein kan vel tenke seg til kor glad han blei da han såg at broren kom seg velberga i land med båt og mannskap. 

Etter dette uveret sat det att 42 enker i Hadsel, og minnet om dette sit i folk den dag i dag. 

Kilde: Arthur Johansen, Strønstad. Hofdasegl 1982        

 

Artiklen er merket med: : pålsmessedagen, storstormen
Kategori: Diverse
{jvrelatives}

Fakta Om

Søk i artikler på Lofoten.com

topptur banner

Besøk Topptur Guiden på Lofoten.com - regionens store oversikt over toppturer, med artikler, presentasjon av fjell, rutebeskrivelser, bilder, film ++ Vil du oppleve PUDDER og heftige skiopplevelser i arktiske fjellområder - Trykk her..

Diskuter artikkel

Aktiviteter & opplevelser

  • 1002113_camplofoten_top
    Vågan

    Camp Lofoten - toppturer i Lofoten fra fjell til fjærestein

    Det er ikke mange steder i verden du kan kjøre på ski fra alpine fjell til fjærestein, og deretter avslutte med surfing i Atlanterhavet på…
  • Lofotr Vikingfestival
    Artikler

    Program for Lofotr Vikingfestival

    Programmet for Lofotr Vikingfestival 4.- 8. august 2010 er nå klart - Årets hovedtema er: sang, musikk, dans og teater fra vikingtid Daglige…
  • Vaterfjorden i Vågan kommune
    Vågan

    Skitur langs Vaterfjorden

    Omtrent en mil nord for Svolvær ligger Vaterfjorden. I dette området er det flotte muligheter for å ta skiene fatt og gå på tur innover langs selve…
  • akvarie_001
    Akvarie

    Akvarie

    Hvor skulle det være mer naturlig å ha et akvarium enn i Lofoten, hvor fisk alltid har vært den viktigste levevei. I Lofotakvariet utenfor Kabelvåg…
  • 100628_kveite_topny
    Sportsfiske - artikler

    Lødingengutter tok kjempekveite med bare hendene

    En fisketur til Kanstadstraumen for tre karer fra Lødingen fikk nylig bred omtale i riksdekkende media etter at turen endte med at en kveite på hele…
  • 1002116_kongstinden_top
    Vågan

    Kongstinden Alpinsenter har åpnet

    Foto: Stockshots.no Kongstinden Alpinsenter i Svolvær åpner i kveld den 16. februar klokka 18:00 Driftsleder Harald Rishatt på Svolvær Alpinsenter…
  • 100519_kongekrabbe_top
    Sportsfiske - artikler

    FILM - Kongekrabben på vei sørover?

    For et par måneder siden fikk fiskeren Reidar Eriksen fra Fjordgard på Senja en uvanlig fangst i rognkjeksgarnet, nemlig en kongekrabbe. Så det er…
  • Sætertinden, Foto: Fred Åge Hol
    Tjeldsund

    Sætertinden -Harstad og Tjeldsunds høyeste fjell

    Sætertinden 1095 meter over havet, er Harstad og Tjeldsund kommunes høyeste fjell, og ett fjell man legger merke til langs Tjeldsundet.
  • mag_camplofoten2009_top
    Vågan

    Camp Lofoten 2009

    Frikjøringskonkurranse under Camp Lofoten. Arrangøren som startet den opprinnelige Norway Freeride Cup mener de har noe spektakulært og TV-vennlig på…
  • 100204_heliskiing_top
    Sverige

    Klart for Heliskiing

    Foto: Arctic Elements Kick Off Heliskiing ved Abisko helgen 11-14 mars Arctic Elements har i år inngått et samarbeid med Björkliden Fjällby, og 11-14…
  • mag_kirkeruin_topp
    Artikler

    Kirkeruinen på Røst

    Kirken på Røst ble innviet den 5. mai 1839 av biskop Kierschow. Kirken skal ha hatt plass til 110 mennesker, men hadde bare 78 sitteplasser. Kor og…
  • Hamsundsenteret, Foto Frank A. Jenssen
    Artikler

    Suksess for Hamsunsenteret

    Hamsunsenterets første sommersesong er vel overstått, og vi gratulerer oss selv og våre gjester med gode resultater. Både besøkstall og…
  • Kunst av Espolin
    Artikler

    Jubileumstur med Galleri Espolin

    Arthur Arntzen med flere mener Kaare Espolin Johnson gjennom sin særegne presentasjon av folket og livet brakte kunstkunnskap ut til…
  • Vikingfestival
    Artikler

    Vikingfestival 4. - 8. august 2010

    Den sjette vikingfestivalen på Lofotr Viking Museum er planlagt gjennomført 4.- 8. august 2010. Museet på Borg håper på mange vikinger, godt vær og…
  • Vinteropplevelser i Lofoten
    Topptur

    En mäktig kjänsla

    Att på bara ett par timmar kunna ta sig ifrån öppet hav till snökledde fjelltoppar er en dröm før många. Legger man sedan till perfekt puderåkning…